fredag 8. desember 2017

To interaktive vinterkort

Hei:-) I dag vil eg vise dere to interaktive vinterkort, eit color-slider-kort og eit shaker kort. Kosa meg veldig når eg laga desse:-) 

Eg har brukt stempel fra Heartfelt og Papirdesign som hovedmotiv. 

Det første kortet er eit enkelt shaker kort, med ein søt snømann fra Papirdesign. 

 Bakgrunnen er påført distress ink. Eg limte så nokre snøbakkar og trær på og dekka alt med vellum. Så limte eg på ein ny snøbakke og eit tre før eg limte på snømannen. Snømannen er fargelagd med Copics og så klippa ut og limt på. Rundt bakgrunnen har eg brukt 3D tape, det kan være ein fordel med dobbelt lag tape for å få kortet til å shake skikkelig. Eg har berre eit lag på dette kortet. På ramma har eg limt eit lag acetate, så putta eg oppi diverse paljetter og glitter før eg la ramma over 3D tapen. 

Ellers er kortet enkelt pynta med tekst fra samme stempelplate som snømannen og matchende kortbase. 

Så var det color-slider-kortet:

Desse små korta har eg fått heilt dilla på:-) Er så gøy å dra opp den kvite skilleveggen og sjå fargene på kortet skifte:-) Her har eg brukt nydelige stempel fra Heartfelt creations "Woodsy critters", eg har brukt diesen som høyrer til for å kutte ut figurene på framsida av kortet. Her er det veldig viktig å få stemplinga heilt perfekt på bakgrunnen og på acetatet. Litt vanskelig kan det være. Eit tips er å holde det stemplede acetatet på plass over bakgrunnsstempelet med washi tape før du limer på ramma. Så berre drar du ut washitapen etterpå. 

Eg liker å holde desse korta enkle på utsida med få farger. 


 Men når du drar i taben..... 


...kommer fargene fram:-) Eg er ein nybegynner på fargelegging, så det er ikkje så veldig fancy enda;-) 

Produkter: 
Stempel: 

Ha ei strålande helg:-) 



3 kommentarer: