onsdag 6. september 2017

Bullet journaling ~ kva er det?

Hei på dåke:-) I dag skal eg visa fram mi nye dille, nemlig Bullet journaling! Det er rett og slett fantastisk gøy og praktisk på ein gong:-) Dei første sidene mine er laga inspirert av moodboardet til den pågående utfordringa:-)


Så kva er egentlig Bullet journaling? Mi forklaring på det er at det er di egendesigna filofax. Ein måte å holde orden på planer og ideer og samtidig ha muligheten til å være kreativ. Du treng heller ikkje særlig med plass for å holde på med dette;-) Boka utformer du undervegs og gir deg sjølv akkurat så lite eller mykje plass som du treng, og du har med alt det innholdet du ønsker:-) Du bruker den boka du ønsker, dei produkta du ønsker, kort sagt du lager den perfekte planleggeren - for DEG!

Det viktigste du trenger er ei bok, gode penner (som ikkje går gjennom arka) og kanskje ein linjal;-)


Her er link til ein film og til sida til det orginale Bullet journal systemet. 

Du finner uendelig mykje inspirasjon om temaet på både Instagram, Pinterest og YouTube.  

Så over til min Bullet journal. Min er kanskje litt annleis. Veldig mange lager sider som er litt "roligere" og meir oversiktlige og planlagte enn mine. Det er utrulig imponerende, men eg har, som alltid, eit stort behov for farger og spontanitet. Eg kjenner eg sliter skikkelig med sider som er blanke og perfekte, men tru det eller ei, eg bruker litt linjal eg og;-)

Eg bruker ei Travelers notebook til dette med bøker/inserts inni som kan tas ut og inn som eg ønsker. Då kan eg og prøve ulike inserts til eg finner den perfekte for meg:-) Eg kan og lage dei sjølv om eg vil:-)

Så no blir det eit bilderas og ein gjennomgang av dei sidene eg har laga til no: 

Første sida består av litt fargekoder for dei ulike familiemedlemmene, huskelister som eg ønsker å kunne ta ut og inn og ein "nøkkel". Nøkkelen viser koder eg bruker på kalender sidene mine; kva som skal gjerast, hendelser, viktige ting, kva som er gjort, bursdager osv.. Eg har valgt å ha nøkkelen på eit kort som er festa med Washi tape og kan derfor brette den ut når eg jobber i boka. Så trenger eg ikkje bla att og fram for å finne den visst eg ikkje husker alle tegna. 


Måtte og male meg ei inspirerende forside fant eg ut;-) Eg bruker mykje akvarellmaling i boka mi. Det går fort, er lett å skrive over og er rett og slett vakkert<3


 Så over til nokre viktige sider, nemlig indexen. Alt etter kor tjukk boka di er bør du sette av antall sider. Denne fyller du nemlig inn sidetall etter kvart som nye element kommer til. Husk, numrer for all del sidene dine visst du vil finne fram raskt;-)


Så over til neste punkt - "Framtidslogg" eller "Future log". 
(Innimellom index og denne sida har eg litt oversikt over bøker, bursdager, filmer, mål for året osv. Men dei sidene er ikkje heilt ferdig enda;-) )

Framtidsloggen er ein oversikt over måndene i året, gjerne med bittelitt plass til å notere viktige datoer.  Her har eg brukt kalender stempel fra Papirdesign for å sleppe å tegne inn alle kalenderene;-)


Washitape er kjekt til litt rask pynt i boka:-) Digger desse fra Jane Davenport!


Så kommer den første månedssida mi, eller "Monthly log". På denne har eg ein ganske standard kalender, mål for måneden, viktige gjeremål og ein "Tracker". Ein "tracker" (hmm godt norskt ord var ikkje lett her) gjer at du kan følge med på dei vanene dine du syns er viktig. Som om du har gått tur, har scrappa, sovet godt osv. Så berre farger du rutene ved dagens slutt:-) 




Videre kommer "Dagssider" eller "Daily log". I august har eg valgt 7 kolonner på eine sida og ei "blank" side på den andre sida. Den blanke sida står eg fritt til å bruke som eg vil. Om eg vil dekorere, skrive lister, lime inn bilder, små ordtak, skrive litt om veka osv. 
Eg har og stempla ein liten kalender for å alltid ha ein liten oversikt over måneden. 

  
Kjekt med små klistermerker til å få litt meir liv på sidene:-)


 Denne neste veka har malt farger som gjenspeila været i starten av veka. På slutten av veka var eg på Scrappetreff så tenker eg skal lime inn litt minner derfra;-) 


Siste sida i august viser og fargene. Bladene på bjørketreet begynner å bli svakt gulfarga og mange rosa roser stod i blomst den veka:-)


Så var september her og det er tid for ei ny Månedsside. Valgte å gjere det litt annleis med ei rad med datoene og dagene i stedet for kalenderstil. På dei neste sidene blir det tracker, lister og mål for august, men er ikkje heilt i mål her enda;-) 


Produkter: 
Klistermerker fra Prima og Maggie Holmes Chasing dreams collection


Håper dette inspirerte og ha ein strålande september dag:-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar