onsdag 28. desember 2016

Color me positive ~ art journaling

God onsdag alle sammen:-) I dag er det nok ein del som er på jobb igjen, her i huset er me så heldige å ha fri alle sammen:-) Eg har fortsatt ikkje hatt tid til å scrappe noko særlig men art jornalen min er full av sider og eg håper det kan inspirere til å være litt kreativ i romjula.

I år har eg vært med på ein challenge som heiter Color me positive. Der kommer det ei ny oppgåva kvar veke, men eit sitat, eit element som skal med på sida og masse inspirasjon. Eg har ikkje fått laga alle sidene enda men har planar om å bli ferdig snart;-)

Til denne challengen har eg brukt den litle boka fra Dylusions. Her er framsida som er bygd opp av masse forskjellig metallpynt og glimmermist. Tips: ikkje lag forsida før du er ferdig med innsida;-)
Husk og å grunne med gesso før du sprayer og på kvar enkelt side inni boka.


Denne sida er laga stort sett med Brusho og stort stempel som fokus. Eg har og brukt ein stensil med molding paste i bakgrunnen.


På denne sida har eg brukt distress ink og diverse stempel i bakgrunnen. Eg har fargelagt ein crazy bird som hovedfokus.


Denne sida er laga ved å bruke gelli prints og akrylmaling. Dette er ei side eg starta på for mange år sidan så det var ein utrulig god følelse å få den ferdig:-) Her har eg laga ein lomme til ein privat beskjed til meg sjølv.
 Her har eg og brukt akryl maling. Bakgrunnen er berre klæsja sammen med forskjellig maling medan jenta er malt fram fra bakgrunnen ved å lage ein silhouette og male kvitt rundt. Slik blei kjolen hennar til og valg av fargar i ansiktet hennar.
 Den siste sida eg vil vise fram handler om det som for meg er essensen i artjournaling, nemlig det at ingenting er feil.

CMP_Wk22

Her skulle me ikkje vær redd for å gjere feil på sida vår. For sjølv om art journaling handler om frihet, kan ein være redd for å gjere feil. Tenk om eg ødelegger den kule bakgrunnen ved å ta på eit lag til?? Eg er vanligvis ganske fri når eg holder på med maling men likevel så tviler eg litt. Så her har eg gjort masse "feil" og dekka det med ein stensil med molding paste og svart gesso..  Hovefokus er eit stempeltrykk fra Norsk Stempelblad. 


Håpar eg klarte å inspirere andre til å leke med maling og diverse andre medium:-) 

Ha ei fin romjul vidare. Klem fra Arnlaug



2 kommentarer:

  1. Kjempeflotte sider, Arnlaug :D
    Eg drøymer om den dagen (dagane) eg har ro i ræva til å sitje i timesvis utan avbrekk å pusle med mine dylusions-album.. Men eg tek kortversjonen gong på gong.. ein tag her, eit kort der osv. Eg vil være kunstnar på heiltid ...
    So takk for at du viser oss at man treng ikkje heile livet på å lage nokre vidunderlige flotte sider ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggelig kommentar:-) eg brukar ofte dagar og veker på ei sida. Stikker nasa innom rommet og klæsjer litt på her og der på ulike sider og plutselig ein dag blir dei ferdig:-)

      Slett