fredag 18. november 2016

Jule ATCer

Hei hei:-) Endelig helg og det ser ut til å bli perfekt scrappevær;-)

Eg er ikkje så veldig "god" på å lage julekort, men det blir fleire og fleire for kvart år;-) Før laga eg kun LOer, no blir det alt fra kort, artjournals, LOer, tags og ikkje minst ATCer (artist trading cards).

Desse små korta er så gøy å lage og du får laga mange på ein gang:-) Mange lurer på kva som er poenget med slike kort. Byttekort for scrappere?? Ja det er jo i utgangspunktet det:-) Å dele inspirasjon med kvarandre er noko av det viktigste for min del i alle fall. Og det å få eit kort i posten, slik at ein virkelig kan ta og føle på det, gir utrulig mykje inspirasjon.

Men dei kan brukes til mykje anna og;-) Dei er supre til å teste ut nye produkter, bruke opp rester, til å gi sammen med ein liten gave, dei kan brukes til pakkelapper, innbydelser og mykje meir.

Eg har laga 12 små julekort denne gangen. Her har eg kun brukt eit mønsterark og litt rester av eit anna. Arka og pynten er stort sett fra Prima sin juleark serie, Sweet Peppermint. Herlig serie som du kan laga mykje forskjellige juleprosjekter av.


Korta er veldig enkelt laga og det er ein fordel å lage alle stega på kvart kort før du går  videre til neste steg. Då går det super raskt å lage mange:-) Ein liten bit av eit mønsterark limes på med matt medium. Så har eg limt på ein bit av ein kakeserviett og ein bit av ein dies. Så har eg knytta litt twine rundt kortet og pynta med ord fra både Prima og Papirdesign. Nokre av korta har og fått ekstra pynt fra Prima.



Produkter:
Ark:
 Prima Sweet Peppermint - "Sweet Peppermint" og "Countdown to christmas"
Pynt:
 Ord fra Prima Sweet Peppermint ephemera og Journaling cards og Papirdesign

Takk for meg og god helg! Håper den nyter med scrapping:-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar