Hei hei:-)
I dag vil eg vise fram ei artjournal side eg laga då eg var med å feira bursdagen til tidligere DT medlem Jorunn:-) Det var ei utrulig kosli helg og Lone og tidligere DT Helga Elin var og med:-)
Me kom på at me skulle prøve å laga ei lita løs side til kvar som minne fra helga. Det gjorde me ved å sende rundt ei side 20 ganger der alle gjorde litt kvar gong. Utrulig gøy treff aktivitet og veldig spennande å sjå resultatet:-)
Eg har stort sett brukt Jane Davenport produkter. Liker du mixed media finner du omtrent alt du trenger i produkta hennar. Eg virkelig digger dei!
Sida er laga ved å lime på papirbiter, washitape og maling. Eg har og limt på stempeltrykk som er på silkepapir. Då ser det nesten ut som om det er stempla direkte i boka og du får eit perfekt trykk. Dette er eit lurt tips dersom du vil ha eit tydelig stempeltrykk i artjournaling, då det kan være svært vanskelig å få til på ein bakgrunn med mykje tekstur og maling.
Dersom du vil sjå korleis eg går fram når eg lager ei slik side kan du sjekke ut ein tidligere turtorial her:-)
Ansiktswashien til Jane Davenport er super å bruke som utgangspunkt til personer:-)
Møllen er eit stempeltrykk fra Visible Images som har utrulig mange kule stempel!
Her er sida mi med den litle sida me laga i lag. Utrulig artig at den matchet sida mi så bra:-)
Produkter:
Jane davenport: washitape, gesso og matte medium, maling, mermeid markers, paint over pens, glitz sea markers (glitterpenn)
Visable images: stempel
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar